Norges Judoforbund

NJF tekst
Skriv ut artikkel

Til minne om Bjarne Bøe

Bjarne Bøe f. 27. mars 1951. Døde 26. desember 2014.

Bjarne-Boe-Ulstein-JK

En nestor innen judosporten gikk bort 26. desember 2014. Han begynte sin karriere innen judo i ung alder, var tidlig med på landslaget. Flyttet til Sunnmøre hvor han var aktiv på alle fronter innen judosporten. Han var med og startet opp Ålesund, Hareid og Ulstein Judoklubb som i 1973 ble hetende Ulstein Judoklubb. Her var han den store pådriveren og drev klubben omtrent alene i mange år. Nå er denne mannen gått bort. Et stort tap for alle innen sporten.

Minneord ved båra til Bjarne Bøe tirsdag 6. januar 2015 fra Ulstein Judoklubb:
Vi vil på vegne av Ulstein Judoklubb få lov til å legge ned ein krans på båra til Bjarne. Bjarne starta opp klubben i 1973, og har vore ein primus motor, inspirator og rettleiar i meir enn 40 år. Bjarne var ein stor mann, ikkje i størrelse målt i høgd, ikkje i store ord og ikkje fordi han tok mykje plass i forsamlingar.

Han var ein stor mann gjennom det han gjorde og måten han gjorde det på. Bjarne gav av seg sjølv og sin visdom. Han var modig og direkte og hadde ei ekte interesse i dei menneska han kom i kontakt med. Han hadde ei personleg ro og evne til å jobbe med detaljer om det står stor respekt av. Vi er takksame for alt som Bjarne har gjort, for hans gode lynne, hans gode humør og pågangsmot og for all kjærleik han har gjeve til liten og stor som har vore inne i klubben i desse meir enn 40 åra.

Arven etter Bjarne vil leve vidare i klubben og i oss som har fått ta del på denne reisa under Bjarne si leiestjerne.

Vår djupaste medkjensle går til Gerd og familien.

Ei siste helsing frå Ulstein Judoklubb

Kvil i fred.

Ulstein Judoklubb
ved leiar Tore Dammerud


Publisert 7. januar 2015, kl. 14:12 (sist oppdatert: 7. januar 2015, kl. 17:46) av Kristoffer Halmøy

Legg igjen en kommentar